Ungdommens kyrkjemøte i Bodø

Den norske kyrkja har sitt eige kyrkjemøte for unge mellom 15-30 år. Sjå vedtaka frå årets Ungdommens kyrkjemøte - i Bodø 2.-6. oktober. Tema for møtet var "Meir himmel på jorda".

Delegatane ved Ungdommens kyrkjemøte 2015. Foto: Randi Langkaas/Kyrkjerådet

Med visjonen for Den norske kyrkja, "Meir himmel på jorda", som tema, var 46 delegatar frå alle bispedømma, døvekyrkja og fleire kristne barne- og ungdomsorganisasjonar samla i Bodø for å arbeide med aktuelle saker som opptek dei unge i kyrkja.

Til stades var også ni ungdomsrådgjevarar frå dei ulike bispedøma, Samisk kyrkjeråd, samt fem sekretærar frå Kyrkjerådet.

Ungdommens kyrkjemøte, populært kalla UKM, er eit viktig møtepunkt for dei som driv ungdomsarbeid i både kyrkjelydar og organisasjonar.

UKM vil utfordre

Sakene under årets UKM var: "Ungdomsdiakoni", "Søndag er gudstenestedag", "Religionsdialog", "Å dele tru med ungdom" og "Rekruttering til kyrkjeleg teneste".

- Det UKM kom fram til vil utfordre Kyrjerådet, Kyrkjemøtet, bispedøma, kyrkjelydar og fleire på desse temaene, seier Randi Langkaas, ungdomsrådgjevar i Kyrkjerådet.

- Kvifor er det viktig med Ungdommens kyrkjemøte?

- Gjennom UKM og resten av ungdomsdemokratiet i kyrkja vert det jobba systematisk med å løfte fram dei unge si stemme i saker som er viktige for Den norske kyrkja på alle nivå. Dei unge sin rett til å vere med å avgjere, vert teken vare på blant anna gjennom det arbeidet som vert gjort på UKM, seier Langkaas.

I tillegg er UKM ein "demokratiskule", der delegatene lærer korleis ein kan jobbe politisk med saker.

- UKM kan melde inn saker til Kyrkjemøte og dei vel også tre delegater som deltek på Kyrkjemøte, kor dei kan løfte fram UKM sin meining i sakene som vert handsame der, seier Langkaas.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"